← WorkMundi · över 1 miljon jobb från hela världen, liveLogga inSkapa gratis konto

Heimehjelp

Luster kommune · Vestland, Norway

📅 13/08/2026
🔔 Meddela mig om jobb som detta
Inget lösenord, ingen registrering. Bara e-posten — avsluta när du vill.
🔓 Sök jobbet — gratis →
Öppnar det här jobbet på WorkMundi. Kontot är gratis och tar under en minut.

Se de andra 7,165 jobben i Norge →

🎁 Öva den här intervjun innan du söker. Skapa ditt gratiskonto på WorkMundi och få en Intervjuträning på HelpsYouSpeak — utan kostnad, utan kort. Jag vill ha min träning →
Hafslo omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt på Hafslo. Tilsette ved Hafslo omsorgssenter yter tenester til omsorgsplass for personar med demenssjukdom, omsorgsbustadar og til heimebuande. I tillegg har me eit dagsenter for personar med demenssjukdom. Me har fokus på personsentrert omsorg og miljøbehandling. Stillingsinformasjon Luster kommune søkjer medarbeidar til Hafslo omsorgssenter frå 16.11.26/etter avtale. Det er ledig 100% fast stilling som heimehjelp. I denne stillinga inngår det arbeid på omsorgsplass kvar tredje helg med todelt turnus på helg. Elles er arbeidstidene dagtid måndag - torsdag. Som heimehjelp yter tilsette praktisk bistand til heimebuande i sone Hafslo, på omsorgsplass og omsorgsbustadar Arbeidsoppgåver Gje praktisk bistand, yte heimehjelpsoppdrag til heimebuande Gje praktisk bistand til omsorgsplass og omsorgsbustad Vask av fellesareal Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar Rettleie og følgje opp elevar, studentar og opplæring av nytilsette Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Ynskjeleg med fagbrev innan reinhald/ ev. relevant praksis Må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil i tenesta Beherske norsk, skriftleg og munnleg Me legg vekt på Gode kommunikasjonsevner Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar Personlege eigenskapar Me kan tilby Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår. Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse. Gode moglegheiter for fagleg utvikling. Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Andre opplysningar Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Läs resten av annonsen →

Liknande jobb

Jobb på WorkMundi — världens största jobbsajt. Se fler jobb från alla kontinenter, uppdaterade live.

📢
🎁

Öva den här intervjun innan du söker.

Skapa ditt gratiskonto på WorkMundi och få en Intervjuträning på HelpsYouSpeak — utan kostnad, utan kort.

Jag vill ha min träning →